Ukens profil – Lars Tore Skau

by Oct 25, 2019Nyheter

 Kan du fortelle litt om prosjektet/prosjektene du har jobbet med i det siste??

Like etter eg starta i Sonat fekk eg oppdrag hjå Vipps AS, og her har eg no vore i snart 1,5 år.

I Vipps trivst eg kjempegodt, har fantastiske kollegaer og jobbar i eit team som mellom anna har ansvar for backenden til vennebetaling, det folk flest forbinder med Vipps. Me har mykje funksjonalitet som skal vedlikehaldast, samt ting som er designa og koda frå grunn av. Til dømes har me utvikla alt som dei under 15 år treng for å bruke Vipps.

 

Hvor lenge har du jobbet som utvikler?

Etter litt fram og tilbake mellom elektronikk og datautdanning starta eg som konsulent i 2006. 

Den gang inkluderte stillingsbeskrivelsen både hardware og softwareutvikling. Jobba saman med alt frå små gründerverksamheiter som trengde prototypar eller generell hjelp, til større industriselskap som sendte meg til Russland for å kode om telecomsystem. Dreiv såvidt med litt kretsdesign og digital logikk, før eg ganske kjapt havna inn i eit meir programmeringsretta løp. 

Dei siste 10 åra har eg nesten utelukkande jobba med kode på alt frå mikrokontroller, via drivarar, operativsystem av ulik art, endel GUI/mobilutvikling og no for det meste web/skybaserte tenester. Også litt nødvendig devops strødd innimellom

 

Hva slags oppgaver liker du best å jobbe med?

Eg trivst nok best i små til mellomstore prosjekt der ein kan være med å bestemme design/arkitektur, implementasjon og sitte med ferdig produkt til slutt. Gjerne tett samarbeid mellom frontend/backend, og hvis mogeleg trakke inn i motsatt domene, eller “full stack” som det heiter på fint.

Ellers likar eg godt tekniske utfordringar som kan gi litt wow-effekt til eit produkt. Grunnen til at eg driv med utvikling er jo at det moro å få ting til å fungere, og dersom nokon spør meg om å lage noko tilsynelatende umogeleg greier, så pleier eg i det minste å bruke eit par kveldar før eg seier nei.

 

Hvilke programmeringsspråk benytter du?

Tidlegare gjekk det mykje i C, C++, Python og diverse skriptspråk. Deretter var eg ei stund innom Java ifbm Android. Dei siste åra har det utelukkande vore Java og Go. Kjem som regel an på kunden som spør. Morro med folk som tør prøve litt nye ting då, utan at eg med det meiner Go er så nytt lenger.

 

Hvordan sørger du for å holde deg faglig oppdatert?

Ganske typisk svar vil eg tru. Hackernews, blogg og YouTube. 

Som kid på 90 talet og med lågnivå bakgrunn er eg fascinert over måten ein koda fete ting på svært begrensa hardware “før i tida”. Då er det interessant å sjå korleis vegen gjennom dagens abstraksjonsnivå og rammeverk faktisk blir uført av det som til slutt skal regne det ut. Sjekk ut A Comprehensive Super Mario Bros. Disassembly eller Let’s Build a Compiler om du treng sengelektyre 😉

…også har eg som regel eit kurs eller to på Udemy gåande. Akkurat no har eg 24 timar og 46 min igjen av “The Complete iOS Developer Course og 20 timar 23 minutt igjen av The Complete Ethical Hacking Course. 

 

Hvor mye programmerer du på fritiden?

Definér fritid? 🙂 Eg har ein tendens til å sitte på macen store deler av kvelden hvis eg ikkje pussar opp, er ute og drikk øl, går på konsert, eller ein kombo av dei to siste. Då går det som regel i ein blanding av forum og koding. Ellers har eg hatt ein god del prosjekt knytta til festivalen eg driv om sommaren (www.fresfestival.no) som treng både billettsystem, lyskontroll og andre hardware/software system som sjølvsagt bør være eigenutvikla. 

 

Hva er det beste frynsegodet du får?

Eg er ikkje så opptatt av frynsegoder, og det eg likar med Sonat er det enkle konseptet. Litt som å jobbe for seg sjølv men behalde det beste frå å vere lunchmottakar i eit anna selskap.  

  • Jobbe det eg vil og få betalt deretter. Ikkje noko mas om at det står igjen 2 feriedagar mot slutten av året, eller måtte “be om lov” til å ta ei ekstra ferieveke eller langhelg no og då

     

  • Sjef som ordnar både oppdrag, lønn, utstyr og det sosiale på ein strålande måte og stiller ikkje spørsmål ved verken utstyrsvalg eller ynskje om meir heilt vanleg pils

     

  • At eg veit inntektene som ikkje går til lønn blir brukt til å skape eit endå betre selskap og lar oss invitere med familie på tur og tilstelninger fleire gonger i året

 

Kan anbefalast!

Sonat har i dag 63 ansatte og leverer tjenester innen IT rådgiving, prosjektledelse, maskinlæring, kunstig intelligens, front-end utvikling, back-end utvikling og arkitekturrådgiving. Selskapet er solid og har hatt god og lønnsom vekst gjennom snart 8 år.

Sonat har kontor i Bergen og Oslo.

Kontakt

Sonat Consulting Oslo AS
Karl Johansgt 25
0159 Oslo

Kontakt: hallvard.romstad@sonat.no
+47 924 14 706

Sonat Consulting Bergen AS
Sandviksboder 5
5034 Bergen

Kontakt:
jonny.klemetsen@sonat.no
+47 982 19 551