Ukens profil – Jonas Lundeland

Jun 26, 2020 | Nyheter

Vårt største aktiva er våre ansatte og vi fortsetter med å gi de anledning til å fortelle om hva de jobber med og hvorfor de liker å være konsulent i Sonat. Her kan du bli bedre kjent med Jonas Lundeland.

 

Kan du kort beskrive stillingen og oppgavene dine?

Som konsulent i Sonat jobbar eg på prosjekt ute hos kunde. Her bidrar eg med kode for både klient og backend og blir gjerne med på ei runde rundt whiteboardet for å diskutere og teikne løsningsarkitektur.

 

Hvor jobber du mest, på kontoret, på hjemmekontoret eller ute hos kunder?

Eg har stort sett jobba ute hos kunde. Etterkvart har eg erfart at ein kombinasjon med heimekontor fungerer best for meg. Når eg jobbar med oppgaver som krev fokus så fungerer heimekontoret kjempebra, men stort sett føretrekk eg å sitte saman med gode kolleger – det er ikkje berre hyggelegare, men gjer òg samhandlinga enklare.

 

Kan du fortelle litt om prosjektet/prosjektene du har jobbet med i det siste?

Dei siste par åra har eg hatt gleda av å ta del i utviklinga av ein ny nasjonal bank. Bulder Bank har blitt utvikla i rekordfart sidan hausten 2018 og er i dag i ferd med å ta eit solid jafs av markedet med eit nytt og spennande produkt. Vi er eit lite team med godt tverrfagleg samarbeid så her har eg har fått jobbe med flinke folk i administrasjon og forretningsutvikling, markedsføring, kunderådgivning, design/UX og DevOps. Følelsen av å kunne bidra med innspel på andre områder enn kun det tekniske bidrar til økt eigarskap til leveransen.

 

Hvor lenge har du jobbet som utvikler?

Eg starta karriera hausten 2012 så det nærmer seg 8 år no.

 

Har du jobbet på samme sted hele tiden?

Nei, min første jobb var i Capgemini og der var eg i fire år. I løpet av denne tida hadde eg oppdrag hos TV 2 og Sparebanken Vest.

 

Hvor gammel var du da du først begynte å lære deg programmering?

Eg lærte meg programmering først då eg begynte på høgskulen.

 

Hva slags utdannelse har du?

Eg har bachelorgrad i kommunikasjonsteknologi frå HiB og mastergrad i Telematics frå NTNU.

 

Hvilke plattformer utvikler du vanligvis for?

I det siste har eg stort sett utvikla applikasjoner som køyrer i containere i Kubernetes, men òg i C# på .NET framework. Ellers så har eg jobba ein del med Node.

 

Hvilken pc-plattform/OS foretrekker du selv å bruke?

macOS

 

Hvilke programmeringsspråk benytter du?

Det varierer litt, men det går for det meste i Go, C# og Javascript.

 

Hva er favorittspråket og hvorfor?

Her har eg egentlig ikkje så sterke preferansar, men kanskje C# for det syns eg er eit elegant språk som fungerer til det meste.

 

Hvilke to verktøy greier du deg ikke uten?

Klarer meg ikkje uten unix-terminal eller Git.

 

Hva slags oppgaver liker du best å jobbe med?

Eg likar best å jobbe med oppgaver som omfattar fleire lag av teknologistakken og jobbar like gjerne med systemintegrasjonar som med klientkode. Variasjon i arbeidsoppgavene er viktig for meg og at eg føler at oppgavene kan by på visse kognitive utfordringar.

 

Hvordan sørger du for å holde deg faglig oppdatert?

Eg høyrer litt sporadisk på forskjellige teknologifokuserte podcastar. Twitter er òg fin for å fange opp nye trendar og tips om gode artiklar. Den viktigaste arenaen for læring er likevel kontoret, der eg ofte må tilegne meg ny kunnskap for å utføre oppgaver, i tillegg til kompetansedelingen som heile tida pågår i samarbeid med flinke kolleger. Ellers er Sonat ein fin plass å jobbe med tanke på kompetanseutvikling. Her samlast alle konsulentane ein dag i månaden for fagleg påfyll. Vi får lære av dyktige medarbeidere som deler av sine erfaringar ute hos andre kundar og når man sjølv er ansvarleg for å halde fagdag har man ein gyllen mulegheit til å fordjupe seg i eit spennande tema og friske opp sin eigen presentasjonsteknikk.

 

I hvilken grad har metoder og teknologier som DevOps, maskinlæring, nettsky og konteinere endret måten du jobber på?

Docker og kanskje særlig docker-compose har hjulpet meg mykje når eg skal sette opp utviklingsmiljøer. Om eg skal integrere meg mot databaser eller meldingskøer så kan eg kjapt og enkelt få satt opp desse i docker og utvikle systemintegrasjonar lokalt. Konteinere har òg gitt oss friheit til å velge forskjellige programmeringsspråk alt etter kva problem som skal løysast, og desse kan benytte samme deployment pipeline og køyre på samme infrastruktur.

 

Ser du noen trender framover som virkelig vil forandre hverdagen til utviklere?

Den siste tida har vist at stengde kontor ikkje nødvendigvis betyr at utviklinga stoppar opp, tvert imot opplever enkelte at dei blir meir effektive når dei får sitte i rolege omgivelsar og fokusere. Eg trur denne erfaringa vil bidra til større aksept for heimekontor og at dette etterkvart kanskje blir likestilt med kontoret.

 

Hvor mye programmerer du på fritiden?

Det går litt i bølger. I periodar, når eg får ånden over meg, har eg små hobbyprosjekt eg jobber på. Eg har som mange andre utviklarar ein draum om at eg ein vakker dag får ein genial idè eg kan sette ut i live som eg kan leve av. I det siste har det blitt mindre av dette da eg har fått oppfylt mine kreative behov i jobben.

 

Har du noen (andre) hobbyer?

Etter jobb likar eg å ta meg litt ut, enten på treningssenter eller ein tur på fjellet. Ellers blir det ein del fotball, i binge og på fjernsynet. Og så prøver eg å bli ein betre sjakkspelar.

 

Hva gleder du deg mest over ved å jobbe som utvikler?

Følelsen av å skape noko der utgangspunktet berre er ein idè er ganske fin.

Sonat har i dag 64 ansatte og leverer tjenester innen IT rådgiving, prosjektledelse, maskinlæring, kunstig intelligens, front-end utvikling, back-end utvikling og arkitekturrådgiving. Selskapet er solid og har hatt god og lønnsom vekst gjennom snart 8 år.

Sonat har kontor i Bergen og Oslo.

Kontakt

Sonat Consulting Oslo AS

Adresse:
Karl Johansgt 25
0159 Oslo

Kontakt:
Arild Johan Takvam-Borge

arild.takvam-borge@sonat.no
+47 917 36 278

Sonat Consulting Bergen AS

Besøksadresse:
C. Sundts gate 17-19
5008 Bergen

Postadresse:
Sonat Consulting Bergen AS
Postboks 234 Sentrum
5804 Bergen

Kontakt:
Jonny Klemetsen

jonny.klemetsen@sonat.no
+47 982 19 551

Personvernerklæringen