Hero

Bli bedre kjent med Njål Nordmark

Publisert 14.01.2021

Det viktigste for oss er folkene våre. I "Bli bedre kjent" gir vi deg et innblikk i vår lidenskap for faget vårt, vår hverdag og hvorfor vi trives så godt sammen i Sonat.


Kan du kort beskrive stillingen og oppgavene dine?

I dag er eg tilsett som seniorkonsulent i Sonat, og får då gleda av å jobba med utvikling og utviklingsprosessar for kundane våre.

Alltid kjekt å hjelpa til å laga betre produkt og ein enklare kvardag for folk, anten det er brukarane av systema eller dei eg får jobba med for å laga dei.

Hvor jobber du mest, på kontoret, på hjemmekontoret eller ute hos kunder?

Heile tida mi i Sonat har eg vore utleige til prosjekt og oppgåver hjå kundar. Det har gjort det naturleg å sitta på kunden sitt kontor og vera ein del av kulturen der, både fagleg og sosialt.

Etter at koronatiltaka byrja tilbake i mars, har eg, som dei fleste andre, tatt ein del i den sosiale dugnaden, og jobba mykje meir heimafrå. Dette er annerledes og har både positive og negative sider.

Eg trur mange, som meg, har kjent på at det er lettare å få fokusert i eit meir stille og roleg miljø. Men på den andre sida, mistar ein praten rundt kaffemaskina eller lunsjbordet, og må jobba hardare for å vedlikehalde det gode sosiale miljøet på arbeidsplassen.

Kan du fortelle litt om prosjektet/prosjektene du har jobbet med i det siste?

Dei siste åra har eg jobba i litt forskjellige bankar rundt i Bergen, både på bedriftsmarkedet og privatmarkedet. Alle desse plassane er det mykje det same det går i; brukarvenlege løysingar, levert digitalt, og kampen om å ha hovudkundeflata.

Sjølv har eg vore så heldig å fått vore med på alt frå betalingshandtering, antihvitvask, signaturretter og låneflytar, og dette får både kundar av bankane og brukarane internt i bankane.

Hvor lenge har du jobbet som utvikler?

Det føles jo som om eg byrja i går, men når eg sjekkar CV-en ser eg at eg starta i 2012…

Har du jobbet på samme sted hele tiden?

Nei, eg har prøvd litt forskjellig. Rett etter studiet byrjar eg i jobb i Trondheim, og når sambuaren min vart ferdig med sine ingeniørstudier, flytta me «tilbake» til Bergen og byrja her. Her har eg vore i anna konsnlenthus, og forsøkt meg som fast tilsett ein periode. Har dog landa på at eg gjer meg best som konsulent.

Hva slags utdannelse har du?

Sivilingeniør i datateknikk frå NTNU med spesialisering på arkitektur og dataspel.

Hvilke plattformer utvikler du vanligvis for?

Vanlegvis utviklar eg for det kunden har behov for. I bankverda har det vore mykje Microsoft og .NET, og gjerne on-premise. Men har den siste tida vore meir opp mot sky og då vert ting friare; NodeJs i Azure, Java i AWS, etc.

Hvilken pc-plattform/OS foretrekker du selv å bruke?

Her er eg nok litt utypisk utviklar, for for meg er det ikkje så viktig. Eg følar meg komfortabel nok i Windows, linux og Mac OS X, så igjen kjem det ned til behovet. Dei fleste kundane har allereie ein foretrukken plattform, gjerne grunna sikkerhet, og då er det greit å berre følga den strømmen. Eg slepp å irritera meg over at eg ikkje får bruka min favorittplatform og kunden får raskare verdi.

Hvilke programmeringsspråk benytter du?

Igjen er det det er er behov for. C#, Java og JavaScript har jo vore dominerande dei siste åra for min del, og eg lever fint med det.

Utover dette har eg jo sjølv sett på andre ting som Go og Haskell, men mest for å følga litt med på kva som skjer der ute.

Hva er favorittspråket og hvorfor?

Her har eg ikkje nokon utprega favoritt. Eg likar å bruka språk og verktøy tilpassa både kunde og behov. Det er fint med språk som hjelper meg å unngå feil, men med eit godt testregime og litt interesse, klarar ein å gjera det ein må i språket ein har tilgjengeleg.

Hvilke to verktøy greier du deg ikke uten, og hvorfor?

Her tar eg ein variant av svaret til kollegaen min Helge Skjellevik får før jul; papir og blyant. Om det er å notera ned hugselister over kva eg skal gjera eller følga opp, skissera ut tenkte løysinger eller skjermbilder eller planlegging av fullstendig ny infrastruktur er det her eg byrjar.

Og blyant er eit betre valg enn penn, for den kan viskast vekk.

Hva slags oppgaver liker du best å jobbe med?

Det å vera med å gå frå ynskja mål eller problemstilling, drøfta løysinger med brukarar og beslutningstakarar og så planlegga og implementera det, det er der eg trivst best og gjer ein god jobb.

Hvordan sørger du for å holde deg faglig oppdatert?

Dette ordnar seg stort sett sjølv. Om det er Sonat sine fagdagar, artiklar som dukkar opp, bøker eg finn eller anna, er det alltid meir informasjon der ute enn me klarar å få med oss.

I hvilken grad har metoder og teknologier som DevOps, maskinlæring, nettsky og konteinere endret måten du jobber på?

Det har endra det me lagar ting på, og til dels kva me lagar, men til sjuande og sist handlar det om kva problem skal me løysa, og korleis løyser me det best. Jobben vert då å forstå problemstilling, forstå kvifor ei løysing fungerer (og begrensningane ved den) og så bygga opp eit testregime som verifisere at det fungerer. Om det så køyrer i ein container eller på ein server, er eg nøgd så lenge me har løyst problemet me skulle.

Men, om eg skulle peika på ein ting, så er det at det vert mindre fokus på repetetivt arbeid knytta til infrastruktur, men det trur eg me kjem inn på på neste spørsmål…

Ser du noen trender framover som virkelig vil forandre hverdagen til utviklere?

Serverless.

Serverless i den forstand at nokon andre har ansvar for å drifta maskinena og sørga for å ha ting gåande.

Heile jobben med provisjonering og overvåking er ikke vekke, men no kan me som lagar system fokusera på å overvåka dei tinga me er interessert i;

* Kor lang tid tar det før ein kunde får svar?

* Har me mykje større belastning siste dagane før jul?

* Kor mange brukarar mistar me på grunn av dårleg brukeropplevelse?

Dette er mykje meir nyttig enn «oi, no var det over 75% minnebruk igjen – kanskje me skal restarta serverparken på nytt?».

Hvilke teknologier eller fagområder skulle du gjerne kunnet mer om?

Sidan skya er framtida for dei fleste, ser eg fram til å verta meir kjend med dei forskjellege produkta og løysingane som er der, både tilbydd av dei tre store (Amazon, Microsoft og Google), men og av andre.

Deltar du jevnlig på konferanser? I så fall, hvilken er den viktigste for deg?

Sjølv har eg vel berre deltatt på ein konferanse. Det som ofte har vore bøygen for meg er at mange konferansar har eit litt djupare teknisk fokus enn det som triggar meg. På konferansar likar eg dei store linjene til inspirasjon, så klarar eg fint å tilegna meg detaljkunnskapen når eg kjem heim igjen.

Hvilket forhold har du til innebygd personvern?

Dette er framtida, og eg er veldig glad for at Noreg hamnar under EU-reglane her. Det er godt å sjå at etter tiår med nedbryting av personvernet frå selskap som vil tena pengar på deg, er det endeleg, i Europa i alle fall, vorte større fokus på dei negative sidene ved det.

Tenester burde vere lagd for å oppfylle eit behov, ikkje for å selge reklame eller pusha folk til eit auka forbruk.

Har du noen (andre) hobbyer?

Eg brukar jo ein del tid på sykling, så det må ein jo kunna kalla ein hobby etter kvart. Sosialt er det jo og, når det er lovleg å sykla med andre.

Utover dette er det jo gjerne brettspell og rollespel. Det å samlast nokre gode venar med god mat og god underholdning er ein fantastisk måte å bruka tid på i vår elles digitale samfunn.

Hva gleder du deg mest over ved å jobbe som utvikler?

Utan tvil det å gjera kvardagen betre for nokon. Er ikkje kvar dag eg får snakka med folk som jobbar med det me har laga, men det er alltid eit høgdepunkt når det skjer.

Opplever du at jobben som utvikler har noen negative sider?

For min del føler eg ikkje det. Men veit om folk som har vanskar med å skilja mellom jobb-tid og privat-tid. Spesielt i desse heimekontortider er det lett for å henta fram laptop-en for å «berre nett fiksa den bug-en der…». Det trur eg går utover både familien og velværet til den enkelte.

Hva er det kjekkeste med å jobbe i Sonat?

Sonat er ein veldig bra plass å jobba for min del. Alt det administrative vert håndtert på ein god måte utan byråkrati og unødvendig friksjon, selgarane våre gjer ein kjempejobb med å finna oppdrag i god tid før bytter, og me har eit sterkt fokus på å møtast som selskap, både gjennom fagdagane våre og andre sosiale arrangement.

Det desidert kjekkaste i Sonat, er den årlege turen til Myrkdalen der me tar med oss familie og kosar oss i skibakken i to dagar i mars. Diverre måtte jo denne utgå i 2020, men eg håpar den kjem tilbake i 2021. Og det gjer ungane og.

Bergen
C. Sundts gate 17-19
5004
Kontaktperson
Jonny Klemetsen
Oslo
Universitetsgata 2
0164
Kontaktperson
Haakon Skramstad
Trondheim
Olav Tryggvasons gt. 40
7011
Kontaktperson
Nadeem Qureshi